grafikk Innføring og bruk av elektronisk arkiv- og saksbehandling
grafikk

Innføring og bruk av elektronisk arkiv- og saksbehandling
Mange offentlege verksemder er i ferd med å innføre enten nye arkiv- og saksbehandlingssystem eller fullelektronisk arkiv og saksbehandling med allereie eksisterande system. Eg har studert og jobba med dette temaet sidan 2003, og vil på denne sida presentere mine erfaringar.


Min bakgrunn
Eg er tidlegare student ved Institutt for Informatikk ved Universitetet i Oslo, der eg tok hovudfag i Informasjonssystemer (tidlegare Systemarbeid). Her skreiv eg hovudfagsoppgåve om innføring og bruk av eit elektroniske arkiv- og saksbehandlingssystem i ein norsk kommune. I hovudoppgåva ser eg ikkje på den tekniske innføringa, men på implementeringa av systemet i organisasjonen.

I dag er eg tilsett som rådgjevar i arkivet ved Fylkesmannen i Oslo og Akershus. Her har eg bl.a. vore prosjektleiar for innføring av fullelektronisk arkiv og saksbehandling ved embetet. Eg er også systemadministrator, og har ei sentral i rutineutvikling, brukarstøtte og opplæring i vårt arkiv- og saksbehandlingssystem.

I perioden mai 2004 til mars 2005 var eg tilsett som prosjektmedarbeidar i Privatarkivavdelinga i Riksarkivet, der eg arbeidde med elektroniske privatarkiv. Prosjektrapporten kan du finne på Riksarkivet sine nettsider.


Publisert materiale
Jansen, Arild J. og Nes, Terje (2004): "A Structurational Perspective on Technology. An evaluation of why the same technical solution is adopted differently across an organisation" [Vitenskapelig foredrag], The 11th European conference on information technology evaluation; 11.11.2004 - 12.11.2004
URI: http://www.terjenes.com/hovudfag/AJ-scand-egov2005.pdf

Nes, T og A. Jansen (2003): "Innføring og bruk av eit arkiv- og saksbehandlingssystem i ein kommune", NOKOBIT 2003, Oslo, Norge, Nov. 2003, s. 74-93.
URI: http://www.terjenes.com/hovudfag/TN-AJ-Nokobit2003.pdf

Nes, T. (2003): "Innføring og bruk av arkiv- og saksbehandlingssystemet Ephorte i Lier kommune. Ein analyse med utgangspunkt i struktureringsteori", Hovudfagsoppgåve, Institutt for Informatikk, Universitetet i Oslo, 2003
URI: http://www.terjenes.com/hovudfag/hovudfag/oppgave.php


Foredrag/førelesingar
"Lær av aktuelle erfaringer fra overgang fra papir- til fullelektronisk arkiv hos Fylkesmannen i Oslo og Akershus" - Førelesing på kurset "Arkivplanen og elektronisk arkiv", Confex, 10.12.2008.
Publikum: Akivleiarar og arkivansvarlege.
Nettside til kurset: http://www.confex.no/?did=12133925
Lysbileta vert lagt ut etter kurset.

"Lær av aktuelle erfaringer fra overgang fra papir- til fullelektronisk arkiv hos Fylkesmannen i Oslo og Akershus" - Førelesing på kurset "Arkivplanen og elektronisk arkiv", Confex, 05.06.2008.
Publikum: Akivleiarar og arkivansvarlege.
Nettside til kurset: http://www.confex.no/?did=10552088
Lysbilete:[PowerPoint | PDF]

Førelesing på Arkivakademiet - påbyggingseining i elektroniske arkiv, Arkivakademiet, 16.01.2008.
Publikum: Tilsette i daglegarkiv, stort sett i offentleg sektor.
Lysbilete:[PowerPoint | PDF]

Førelesing på masterstudiet i forvaltningsinformatikk FINF 4001, Universitetet i Oslo, 06.11.2007.
Publikum: Masterstudentar i forvaltningsinformatikk.
Lysbilete: [PowerPoint | PDF]

Førelesing på arkivkurs del IV - Elektroniske arkiv, Norsk Arkivråd, 09.11.2004.
Publikum: Tilsette i daglegarkiv, stort sett i offentleg sektor.
Lysbilete: [PowerPoint | PDF]

Foredrag på konferansen NOKOBIT 2003, 25.11.2003.
Publikum: Fagpersonar og akademikarar innanfor praktisk bruk av informasjonsteknologi.
Lysbilete: [PowerPoint | PDF]

Foredrag på seminaret "Saksbehandlarsystem i offentleg sektor" - Avdeling for forvaltningsinformatikk, Universitetet i Oslo, 15.10.2003.
Publikum: Studentar i forvaltningsinformatikk, tilsette i daglegarkiv, fagpersonar på elektronisk saksbehandling og arkivering.
Lysbilete: [PowerPoint | PDF]


Kontakt
Terje Nes - e-post: hovudfag@terjenes.com


grafikk grafikk



Valid HTML 4.01 Strict Valid CSS!